Denne bloggen er ein av dei tre hjørnesteinane i det flunkande nye alumninettverket for retorikkstudentar frå UiB

Alumninettverk?

Alumni er nemninga på ein student som ikkje lenger er student, ved ein spesifikk lærestad. I USA og Storbritannia er mest alle tidlegare studentar med i ein alumniorganisasjon, som ogso ofte har innflyting på – og gjev pengar til – sine gamle universitet.

Førebels vil me heller kalle oss eit nettverk enn ein organisasjon, sidan me kjem til på bestå av fyrst og fremst ei epostliste, ei facebookside og denne gruppa. Tida og engasjementet vil syne om me vil ha ei meir formell organisering.

Eit alumninettverk er til for felles glede, nytte og opplysing. Ein held lettare kontakten når ein er samla i felles fora. Det er lettare å vite kva som skjer på retorikkfronten oppe på gamle gode Høyden. Ein kan halde daninga og utdaninga vår ved like ved å dele seminar, kurs, artiklar og andre relevante retorikkfaglege ting, og til og med arrangere vidareutdaning sjølv. Og ikkje minst: Det er eit ypperleg nettverk å nytte dersom ein leitar etter jobb. Her kan me tipse kvarandre og relevant arbeid og melde vår kompetanse som ledig.

Nettverket er starta på oppdrag av Jens Kjeldsen ved Retorikkprogrammet på UiB, men straks det er oppretta vil det bli lausrivi frå formell tilknytting til program, institutt og fakultet, og bli kva oss medlem gjer det til. Ja, dette er ei oppmoding: Vil du vere litt aktiv i nettverket, kan du sende administrtoren (meg) ein e-post, so kan du få admintilgang til blogg, epostliste og facebookside.

Dersom dette nettverket skal fungere, må me freiste å samle alle tidlegare retorikkstudentar her. Kjem du nokon som burde vore med, men ikkje er det, få dei inn i nettet!

Bruk dine tidlegare studievener for alt dei er verdt!